Masdalsklova i Vartdal.

Lindormen som laga denne klova er ein fæl skapnad. Han er mykje større og villare enn vanlege ormar. I andlitet hev han ein tim av likskap med eit menneske. Augo er som tintallerkar, og den klufta tunga heng langt utor kjeften medan han sputrar eiter i stride straumar. Helst bur lindormen i bratle skoglider som vender mot sola. Mest ugagn gjer han på smalekryter som han er god for å gløype med hud og hår.                                                                                                                                                                                                                 M. B. 1912